Image
Text

Ebbesvikneset



Text

ADVICE

VARSEL OM OPPSTART AV PLANARBEID
REGULERING PÅ GNR/BNR 45/4 M.FL. EBBESVIKNESET I FJELL KOMMUNE

Med heimel i Plan- og Bygningslova sin §12-3 og 8 vert det herved gjeve melding om at det vert sett i gang utarbeiding av reguleringsplan for gnr/bnr 45/4 m.fl. i Ebbesvikneset i Fjell Kommune. Planen vert utarbeidd som ein detaljplan. Plangrensa er synt på situasjonskart. Arealet er på ca. 57 dekar.
Forslagstillar er BIB Eigedom AS. Utførande konsulent er Dig Plan AS v/Øyvind Johnsen.

Arbeidet med planen vert starta på basis av eit positivt vedtak i KPU 24/4-2012 på førespurnad om regulering. Føremålet med planarbeidet er ei omregulering av eksisterande område for fritidsbustader til bustader, samt legge til rette for tilgjenge til sjø for allmenta, grøntareal og leikeareal m.m.

Det meste av området ligg innafor ein godkjent reguleringsplan for fritidsbustader, Plan nr 20060047 158 RP Kalvaneset Ebbesvik (45-4,8,120 m.fl.) som vart utarbeidd i samband med fremføring av ny veg til det eksisterande området for fritidsbustader. Reguleringsplanen, som vart godkjent av kommunestyret 26/10-2006, vart ikkje utarbeidd i det omfang hytteområdet låg i gjeldande kommuneplan. I ny kommuneplan ligg dette området framleis som eit område for eksisterande fritidsbustader. I forrige rullering vart grensa mellom LNF-området og område for framtidig bustadbygging justert. Der er og lagt til eit større område aust og sør for planområdet som er avsett til ny bustadbygging. Innafor grensa til det omsøkte planområdet ligg det meste av området som byggeområde anten for bustader eller fritidsbustader. Ein mindre del ligg som LNF-område. Korkje naturvern eller friluftsliv er dominerande for LNF-området. På Gnr 45, bnr 24 ligg det ein fritidsbustad som no har fått vegadkomst og vatn- og avlaupstilknytning.

I samband med utbygging av hyttefeltet på Ebbesvika er det no bygd adkomstveg heilt fram til ein felles parkeringsplass med vass- og avlaupsleidningar i vegen. I 2004 vart det gjeve utslippsløyve til eigar av Gnr 45/8 for 300 PE nok til 100-150 einingar i området. Det er lagt ut leidning for dette, og i same område er det ført i land ein offentleg vassleidning.

Ei vurdering av om det er naudsynt med ei konskvensutgreiing vert gjort i samband med planarbeidet. Meir info om planarbeidet kan sjåast på web: www.dig-plan.no under kunngjeringar. Off. instansar og berørte grunneigarar vert varsla ved brev.

Innspel/merknader til planabeidet kan sendast Dig Plan AS, Smålonane 2, 5353 Straume eller på epost til oyvind@dig-plan.no innan mandag 5/11-2012. Det er ikkje naudsynt å sende kopi til kommunen. Alle innkomne merknader vert sendt vidare til kommunen.

Text

KONTAKT


Fardalen 38
5378 Klokkarvik

Tlf: 56 32 01 26 / 90070984
Email: oyvind@dig-plan.no

Org nr: 871 064 792

Image
Text

ÅPNINGSTIDER


Hverdager 08.00-15.30

Image
Build your own website
Ⓒ Alle rettigheter forbeholdt
Privacy Policy
Din personlige integritet er viktig for oss. Vi bruker hovedsakelig cookies for statistikk og for å forbedre brukeropplevelsen.
Jeg aksepterer
Mer informasjon