Fv229 Nautnes – Hellesøy

Dokumentasjon

Varsel om endring etter forenkla prosess for Fv229 Nautnes – Hellesøy, Reguleringsplan Hellesøy nord og Sprengsneset hyttefelt, gbnr 209/192 m.fl. – Hellesøy – Øygarden Kommune. 

Innhenting av uttale 

I medhald av plan- og bygningslova (pbl.) § 12-14 vert søknad om endring nr. 2 av Fv 229 Nautnes - Hellesøy (gnr. 209, bnr. 192 m.fl., PlanID: 125920090001), endring nr. 6 av Reguleringsplan Hellesøy Nord (gnr. 209, bnr. 152 mfl., PlanID:125920090003) og endring nr. 2 av Sprengsneset hyttefelt (gnr. 209, bnr. 151 m.fl., PlanID 125919950002), sendt til uttale. Planendringa medfører at delar av dei tre nemnde planane vert erstatta. Planendringa får eigen planid 125920190010, og eigne føresegn. 

Forslagstillar er Kjell Åge Solås. Og plankonsulent er Dig plan AS v/Øyvind Johnsen 
 


Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for utbetring av eksisterande vegkryss mellom Sprengsnesvegen og Fylkesvegen (tidlegare fv 229, no fv 5278)), legge til rette for gang-/sykkelveg frå fylkesvegen og opp til bustadfeltet Hellesøy nord, og få ein samanhengande plan for den etablerte vegstrekninga mellom fylkesvegen og hytteområdet på Sprengsneset. Det er berre mindre tiltak som vert aktuelt å legge til rette for langs strekninga.  


Endringane er vurdert til at dei i liten grad vil påverke gjennomføring av gjeldande planar, og vil ikkje gå utover hovudrammene i gjeldande planar. Dei vil heller ikkje råke omsynet til viktige natur- og friluftsområde. Sjå pbl. §12-14. Kommunen har vurdert at endringa det er søkt om er av eit slikt omfang som gjer at den kan behandlast administrativt etter forenkla prosess. 


Oppsummering av endringar: 


1. Kryss Sprengsnesvegen/Fylkesveg Fv5278 er trekt 15 meter vestover i høve gjeldande plan. 
2. Frisiktsona er utvida til 10 x 54 meter i ny plan og kjem ikkje i konflikt med eksisterande steingard på Gnr 209/2.   
3. Tilkomstvegen til Gnr 209/85 er flytta lenger nordover og tilpassa stigningstilhøvet og eksisterande avkøyrsle mot Fv5278 vert stengt og ny avkøyrsle vert frå vegen Sprengsneset 
4. Kurvatur og vegbreidde er tilpassa dimensjonerande køyretøy vogntog 
5. Det er lagt inn parallell gang- og sykkelveg på strekninga frå Fv5278 til avkøyrsle Hellesøy Nord. I kryssområdet ligg den på austsida av køyrevegen, medan den ligg på vestsida på       resten av strekninga.  
6. Vegstrekninga Fv5278 – Sprengsneset 2 vert regulert som privat veg. Slik vegen ligg no er den ikkje heilt i samsvar med gjeldande reguleringsplan. Ved planrevisjon vert traseen           justert til samsvar med eksisterande veg. Dimensjonerande fartsgrense vert 30 km/t. 
 
Samtlege berørte grunneigarar som grensar til og ligg innafor den oppgjevne plangrensa vert varsla. For meir informasjon sjå plankart, illustrasjonsplan, føresegner og planomtale her.  
 
Eventuelle merknader til endringa må meldast skriftleg innan 15/8-2022 til: Dig Plan AS, Fardalen 38, 5378 Klokkarvik eller på e-post: oyvind@dig-plan.no.