Trettevika

Reguleringsplan Trettevika

DETALJREGULERING FOR TRETTEVIKA, GNR 50/161 M.FL.BJORØYNA I FJELL KOMMUNE

1. innleiing/bakgrunn
I medhald av Pbl §12-14 varsles det med dette at det vert sett i gang arbeid med endring av reguleringsplan for Gnr 50, Bnr 161 m.fl. Trettevika på Bjorøy.

Grunneigarane for bruk 161,162,174,214,215 og 216 gjekk i 2003 saman om å få regulert ein offentleg veg frå Eie til Trettevika. Planen vart vedteken 17.06.2004 og vart ferdig bygd året etter. Sjølv om den vart regulert som offentleg veg, vart den bygd som privat veg, og kommunen har ikkje teke over drifta av vegen. Planområdet har over tid vore utbygd og nytta til hytter, naust, brygger og uthus.

Eigarane av hyttene i området har i mange år søkt om å få omgjort status for området frå fritidsbustader til bustader. Grunngjevinga for dette at infrastruktur no er på plass. Det er gjort avtale med utbyggjar for bustadfeltet på Eie om tilknytning til felles vass- og avlaupsanlegg. Bjorøy ber preg av å ha vore ei øy utan vegsamband med fastlandet. Busetnaden har difor vore ei blanding av våningshus på småbruk og fritidsbustader. Etter at øya fekk fastlandssamband til Bergen Kommune via tunnel med nærleik til tjenestetilbod i Bergen Vest, er transformasjonspotensialet frå fritidsbustad til bustad vesentleg endra. Sjølv om området ligg i funksjonell strandsone er området allerede privatisert med hytter, naust, kai og flytebryggjar. I nærområdet har kommunen godkjent bygging av bustader i relativt stort omfang. Forslagstillar er grunneigarar v/Thorbjørn Vågenes.

2. Tilhøvet til reguleringsplan/arealdelen til kommuneplanen
Området er i arealdelen til kommuneplanen sett av til landbruks, natur og fritidsføremål, og ligg innanfor funkjsonell strandsone. Tilkomstvegen til området er del av gjeldande reguleringsplan for offentleg, vedteken 17.06.2004. Forslagstillar ønskjer å regulere vegen som privat fellesveg.
Området ligg i gul faresone for flystøy, som er ei vurderingssone.

3. Hovudinnhald i planen
Arealføremålet vert felles/privat køyreveg, parkering, garasjar, bustadføremål, naust og småbåthamn i sjø. Utnytting skal vurderast i planprosessen . Arealet er 10 daa. Arealet i sjø er ikkje tenkt til omfattande marina, men kun til private flytebrygger.

4. Konsekvensar av tiltaket
Planen opnar for bruksendring for fritidsbustader til bustad for inntil 5 einingar. Adkomst til eksisterande naustetomtar i området vert ivareteken.

5. Vurdering etter forskrift om konsekvensutgreiing §4.
Etter ei vurdering har ein kome fram til at det ikkje er trong for konsekvensutgreiing.

6. Merknader
Eventuelle merknader til oppstartmeldinga må meldast skriftleg innan 3/5-2016 til:
Dig Plan AS, Fardalen 38, 5378 Klokkarvik eller på email: oyvind@dig-plan.no.